Kom i gang med makroprogrammering

Gaute Hvoslef Kvalnes, 2002-07-01.

Makroar vert brukte til å automatisera oppgåver eller utvida funksjonaliteten i eit program. OpenOffice.org sine vegvisarar for eurokonvertering og laging av nettsider er døme på avanserte makroar.

I denne innføringa kan du sjå korleis du kan laga ein heilt enkel makro som har til oppgåve å setja inn ein tekst i ei reknearkcelle. Makrospråket i OpenOffice.org heiter StarBasic, og liknar mykje på MS Office sitt makrospråk. Dersom du kjenner makroprogrammering frå MS Office, skal denne vesle oppskrifta vera nok til å få deg i gang i OpenOffice.org.

Du finn mykje meir informasjon i «StarBasic tutorial».

Oppskrift